

Resten av vinteren 2026 har me skileik og klubbrenn anten i lysløypa/hoppbakken på Storefoss eller på Beitostølen stadion. Tidspunkt er onsdagar kl. 17.30 - 18.30. Dette er eit lågterskeltilbod der alle er velkomne med dei skia ein har. Ski kan også lånast ved å kontakte Kjell.
Opplegg på Storefoss (parkering ved klubbhuset på Storefoss stadion - derfrå til fots opp i hoppbakken)
- Hopp, hinderløype og orgeltramp på sletta i den ærverdige hoppbakken.
- Stafettar og enkle konkurranser.
- Fri leik (moglegheiter for aking med stor hastigheit - under eige ansvar).
- Varm saft!
Opplegg Beitostølen stadion:
- Enkelt klubbrenn kvar kveld.
- Løyper for alle nivå.
- Skileik og klubbrenn med langrenscross-preg.
- Moglegheit for å prøve skiskyting utvalde kveldar.
- Klubbmeisterskap og avslutning 25. mars med servering på klubbhuset (premie til alle deltakarar!).
Sjå kalender under med datoar og stad.
Viser også skigruppa si facebook-side.
Personvern | © | En nettside fra Støyp