Alle som skal delta på eitt eller fleire av idrettslagets aktivitetstilbod, må betale medlemskontingent*.
For å registrere deg sjølv eller barn som medlem i ØSIL og betale kontingent går du hit.
Medlemskontingenten inkluderer grunnforsikring for medlemmar under 13 år. Den er også grunnlaget for driftstøtte frå kommune, krets og forbund og er difor viktig for idrettslagets aktivitet og drift.
Medlemskort hentar du ut frå din brukar på minidrett.nif.no. Me oppfordrar alle medlemmar til å registrere brukar. Kontakt oss dersom du treng assistanse.
* ØSIL opnar for å søkje fritak frå kontingentar/treningsavgifter. Økonomi skal ikkje vere til hinder for ungar/ungdom si deltaking. Send ein e-post til leder@osil.no. Førespurnader vert behandla konfidensielt der leiar aleine kjenner personalia.
Personvern | © | En nettside fra Støyp