Øystre Slidre IL logo

Håndball

Vi startar opp med håndballtrening onsdag 26. oktober for 3. - 7. klasse. No er vi endelig tilbake i hallen på Beitostølen Helsesportsenter (Sentervegen 4) og treningstida blir no i fyrste omgang frå 18.00 - 19.30. Oppmøte i gangen utanfor hallen.

Vi håpar å sjå alle «gamle» håndballspelerar til mykje moro på håndballbanen, og det er kjempefint om de ber med dykk andre som har lyst til å prøve håndball. Er det nokon i 1.- og 2. klasse som har lyst til å bli med, møt opp!

Trenerane i vinter blir Renate og Ellen, dei jobbar ved BHSS og har spelt håndball tidlegare, no er dei klare for trenarrolla og gledar seg til å møte spelerane. Samtidig med at spelerane er i hallen vil det bli eit infomøte for foreldre og føresette i gangen utanfor hallen.

Ta på innesko og ta med drikkeflaske og gjerne ball, om de har!
Vel møtt til ein ny, og forhåpentlegvis koronafri håndballsesong!

Facebookside (Håndball)
Dagny Björklöf
Leiar i håndballgruppa

Personvern | © | En nettside fra Støyp

crossmenu linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram