Allidrett er for alle i alderen 2-12 år og hausten 2026 startar opp torsdag 27. august kl. 17.45 på Beitostølen stadion! Ta med sykkel eller sparkesykkel og hjelm! Dei fyrste gongene blir ute. Fulg med på Allidrett si facebook-side for meir info og hugs medlemskap i ØSIL!


I løpet av hausten er det vorte gjennomført ei ombygging av klubbhuset på Storefoss. I opprinneleg møte- og forsamlingslokale er det sett opp ein delevegg og opna mot styrkerommet. Det betyr at styrke- og treningsavdelinga er utvida med omlag 30m2 med nytt utstyr! Det er behalde eit møtelokale på omlag 20m2 på andre sida av deleveggen. Tiltaket er gjort mogleg med stønad på kr. 350.000,- frå Sparebankstiftelsen DNB. Tømrararbeida er utført av byggmeister Svein Ringli (som stod for oppføringa av klubbhuset i 2017-2018). Mette Gro Onstad og resten av styret i Friidrett- og styrkegruppa i ØSIL har sørga for innreiing og utstyr. Me håpar dette kjem både gamle og nye brukarar til gode. Takk til alle bidragsytarar!





Dette er nedskrive for å minne oss på korleis vi ynskjer å ha det i idrettslaget. Skriv gjerne ut, heng opp og del ut ved oppstart aktivitet etc.! Last ned pdf her.
Den 44. utgåva av Fjellmaraton 2025 vart arrangert 7. juni. Takk til alle frivillige med Kjell i spissen og alle deltakarar for eit flott arrangement!
Sjå Avisa Valdres sin bildeserie her.
Allidrett våren 2025 startar opp frå 31. mars og held fram til 2. juni. Sjå facebooksida for nærare informasjon.
Øystre Slidre/Rogne fotballgruppe inviterar til knøtteturnering sundag 8. september på Storefoss stadion! Sjå invitasjon her!
Fotballskule for spelarar i alder 6-12 år vert arrangert på Rogne kunstgras 5. - 7. august. Gå hit for påmelding!
Personvern | © | En nettside fra Støyp