Ei oversikt over anlegga idrettslaget disponerar.
Beitostølen skistadion og lysløyper
12,5 km med godkjente World Cup-løyper for langrenn og skiskyting. 7,5 km med kunstsnø sikrar tidleg sesongstart. Lysløype på 5 km, samt 1,5 km lysløype til/frå Beitostølen sentrum. Skiskytterarena med 30 skiver, 34 permanente smørebuer og totalt 1600m2 servicebygg. Parkering for 300 bilar.
Her er også discgolfbane.
Sjå meir info på beitostolenstadion.no
Stadionvegen 2, 2953 Beitostølen
Storefoss stadion
Midt i kommunen ligg Storefoss stadion, arena for ei lang rekke oppgjer på fotballbana. 11er-bane med naturgras, grusbane med kastebur, samt ØSILs klubbhus med garderobefasilitetar og kiosk. Gode parkeringshøve.
Vølbusvegen 44, 2940 Heggenes
Storefoss lysløype
1,4km lysløype i tilknytning til Storefoss stadion og Storefossbakken (hoppanlegg ute av drift). Nye LED-lys i 2020. Lysløypa vert preparert med scooter. Til fri bruk for medlemmar av ØSIL. Parkering ved Storefoss stadion.
Vølbusvegen 44, 2940 Heggenes
Klubbhus Storefoss
Husar garderober, kiosk, møtelokale og styrkerom. Det nye klubbhuset vart teke i bruk i 2018 med bidrag frå ei rekke lokale firma og frivillige. Møtelokalet har kjøkenfasilitetar og kan leigast. Styrkerommet har vorte eit populært tilbod etter opninga.
Vølbusvegen 44, 2940 Heggenes
Personvern | © | En nettside fra Støyp