Øystre Slidre/Rogne fotballgruppe inviterar til FOTBALLSKULE for alle fotballspelarar frå 5-12 år (endra frå 6-12 år). Det betyr at også 2021-modellane kan delta. Dei yngste bør ha med seg ein forelder/foresett/kjent vaksen, i alle fall fyrste dag.
Tidspunkt: 3.-5. august 2026 kl. 10:00-15:00.
Stad: Rogne stadion.
Gå hit for påmelding!
Bli med som frivillig på Fjellmaraton laurdag 6. juni! Påmelding skjer her.
Me treng hjelp til mange fine oppgåver!
Som frivillig får du kr. 500,- i dugnadshonorar som kan donerast til den gruppa du ynskjer i ØSIL eller andre frivillige lag og foreningar.
Me ynskjer sjølvsagt også at flest mogleg av medlemane i ØSIL vel å delta på ein av distansane. Send ein e-post til Kjell Berge Melbybråten på stadion@osil.no for medlemsrabatt!

Årsmøtet for ØSIL 2026 vert halde torsdag 26. mars kl. 19.00 på Idrettens Hus på Beitostølen stadion (Stadionvegen 2).
Last ned årsmøtepapir her.
Håpar å sjå flest mogleg! Vel møtt!
ØSIL er arrangør av SPAR Norgescup jr. i langrenn på Beitostølen stadion 8.-11. januar 2026!
SPAR NC jr. er eit nasjonalt renn for juniorløparar frå heile landet og er eit viktig arrangement både sportsleg og for rekruttering til langrenn. Det vert fleire dagar med renn, mykje liv på stadion og behov for mange hender for å få dette til å gå rundt på ein god måte.
Dette er ei fin moglegheit for medlemmer i idrettslaget til å bidra - og samstundes tene pengar til klubbkassa!
Arrangementet gjev kr. 500,- per dugnadsskift som går direkte til den gruppa i idrettslaget ein ynskjer. Det er mogleg å stille ein heil dag eller delar av ein dag. Me er fleksible på både oppgåver og tidspunkt. Me treng folk både på heile og halve dagar 8.-11. januar.
Påmelding og meir info finn du her:
www.beitostolenstadion.no/frivillig
Grunna stor pågang på styrkerommet på Storefoss har det i lengre tid vore ynskje om å utvide tilbodet og arealet. Styret beslutta difor i 2024 at styrkerommet utvidast ved å nytte delar av møtelokalet:

Vurderinga er at sjølv om det er synd å ta bort moglegheit for større samlingar og utleige av møterommet, har dette lokalet dei siste åra vore lite brukt. Samstundes er trengselen stor på styrkerommet.
Arbeidet med ombygging av klubbhuset er påbegynt og ferdigstillast i løpet av 2025.
Gå hit for å sjå treningstidene for handball hausten 2025!
Allidrett startar opp frå torsdag 25. september kl. 17.30 - 18.30. Meir info her!
Tine fotballskule for born i alderen 6-12 år vert halde på Rogne kunstgras 6. -8. august. Påmelding skjer her.
Knøtteturnering 2025 vert arrangert sundag 7. september. Meir info og påmelding kjem!
Me har lagt ut ei oversikt over påmeldte lag og kontaktpersonar i Øystre Slidre/Rogne fotballgruppe her.
Terminliste/kampoversikt ligg på NFF sine sider her.
Det er berre å ta kontakt for dei som ynskjer å vera med!
Med Ove Skaret som erfaren dirigent vart årsmøtet med val gjennomført. Referat og årsmøtepapir kan du sjå her.
ØSIL har framleis behov for fleire bidragsytarar, både til valnemnd og kontrollutval. Ta gjerne kontakt med Berit (leiar) dersom du kan tenke deg å vere med!
Personvern | © | En nettside fra Støyp