Øystre Slidre IL logo

Treningsrommet på Storefoss – Informasjon og prisar 2025

08/01-2024
kategori:
1288 visninger

Medlemskontingent til Øystre Slidre idrettslag
Innmelding skjer her med kr. 100,-/medlem uansett alder.

Dei som betalte medlemskap i 2024 kan vente på faktura for kontingent for 2025. Nye medlemar må gå inn på minidrett.no og registrere seg (logg inn og opprett ny bruker med idrettens ID), eller fulgje denne lenka frå osil.no.

Treningsavgift til styrkerommet for 2025:

  • Vanleg pris for ein person heile året - kr. 750,-.
  • Familiekort som gjeld for to vaksne i same husstand og born som bur heime t.o.m. 19 år - kr. 1.250,-
  • Studentar (ikkje videregåandealder) og andre som er heime nokre få helger og feriar - kr. 500,-
  • Etter 1. august - kr. 500,- for enkeltmedlem og kr. 750,- for familie.
  • Dei som møter opp på minimum ei dugnadsøkt på eitt av arrangementa i idrettslaget og tildeler skiftbetalinga til styrkerommet, slepp å betale treningsavgift for 2026 (gjeld kun Øystre Slidre Idrettslag).

Treningsavgift betalast til vippsnr. 519557 eller kontonr. 2135.30.30849

Årets avgift gjeld fram til 1. januar 2026. Betalingsfrist for fornya tilgang for 2025 er 20. januar. Etter dette vert tilgang til rommet stengt for dei som ikkje har betalt.

For å få utdelt nøkkelbrikke, ta kontakt med Mari Tallhaug Gulbrandsen - tlf. 415 69 244.

Personvern | © | En nettside fra Støyp

crossmenu linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram