Øystre Slidre IL logo

Foreldre/frivillige/dugnad


ØSIL er eit amatøridrettslag tufta på frivilligheit og dugnad for å skape aktivitet og gjennomføre arrangement. Dugnad og inntekter frå arrangement som til dømes Beitosprinten gjev idrettslaget moglegheit til å halde medlemskontingent og treningsavgifter på eit lågt nivå. På dei store arrangementa belønnast kvart dugnadsskift med kr. 500,- som kan donerast til eit frivillig lag/organisasjon, t.d. den gruppa i ØSIL ein ynskjer.

For å halde aktiviteten og tilbodet oppe er me avhengige av at foreldre og andre frivillige stiller opp som trenarar, saftkokarar og i dugnads- og styrearbeid. I ein hektisk kvardag kan det vera lett å velja bort, men ein kan risikere at det er både moro og sosialt. Som forelder for born og unge i ØSIL er det forventa at alle er med og deler på å bidra. Aktivitetane skal ikkje vere ein barnepassordning der alt arbeid blir lagt på nokre få som stiller opp.

Den frivillige innsatsen i idrettslaget er stor og heilt avgjerande for at me i ei lita kommune kan klare å arrangere så store arrangement som me gjer. Fleire av funksjonærane våre har over tredve års fartstid, noko som må bety at mange synes dette er ein triveleg og sosial aktivitet. Likevel trengs det stadig påfyll av mannskap for å ha fleire å fordele oppgåvene på.

Send oss gjerne ein e-post om du kan tenkje deg å vere med!

<< Om ØSIL


Personvern | © | En nettside fra Støyp

crossmenu linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram