Øystre Slidre IL logo

Utviding styrkerom Storefoss

31/01-2026
kategori: ,
92 visninger

I løpet av hausten er det vorte gjennomført ei ombygging av klubbhuset på Storefoss. I opprinneleg møte- og forsamlingslokale er det sett opp ein delevegg og opna mot styrkerommet. Det betyr at styrke- og treningsavdelinga er utvida med omlag 30m2 med nytt utstyr! Det er behalde eit møtelokale på omlag 20m2 på andre sida av deleveggen. Tiltaket er gjort mogleg med stønad på kr. 350.000,- frå Sparebankstiftelsen DNB. Tømrararbeida er utført av byggmeister Svein Ringli (som stod for oppføringa av klubbhuset i 2017-2018). Mette Gro Onstad og resten av styret i Friidrett- og styrkegruppa i ØSIL har sørga for innreiing og utstyr. Me håpar dette kjem både gamle og nye brukarar til gode. Takk til alle bidragsytarar!

Personvern | © | En nettside fra Støyp

crossmenu linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram